Hopp til navigasjonHopp til hovedinnholdHopp til bunnområde
Laster Arrangementer

AVLYST – Litteraturkveld på Gildevangen

Bilde: Ola Nordmann

Tidspunkt

2. november 2020

18:00 - 20:00

Sted

Gildevangen, Ogndalsvegen 901
Steinkjer, 7718 Norge
+ Google-kart

Litterære godbitar frå Ogndal – Ragnhild Vannebo, Gildevangen måndag 2. nov kl 18.00

Kristofer Uppdal budde i Ogndalen frå han var i førskolealder til han som 18-åring starta på Namdals folkehøgskole. Han var med på stiftingsmøtet for Ul Ogna i 1896 og var ein av dei flittigaste skribentane i den handskrivne avisa til ungdomslaget:   Hermod. Men denne boka har vore borte i over 20 år. Det viser seg at den faktisk har vore på Namdals folkehøgskole i Grong sidan boka vart utlånt dit til eit Uppdalarrangement. Hermod nr 1 vil vera til stades på Gildevangen måndag 2. nov. Ragnhild Vannebo akkompagnert av Øyvind Nygaard, fløyte, vil lese frå både Hermod (Ul Ogna), Ungdommen venn (Øvre Ogndal ul) og andre dikt.

Gå inn på https://hilmarfestivalen.no/program/litteraturkveld-pa-gildevangen/
og meld deg på/bestill billett. (alt billettsalg i døra)

Uppdaldåggån/UL Ogna

 

Meir info om arrangementet (frå Hilmaravisa):

Litteraturkveld på Gildevangen Måndag 2. november 2020

Ragnhild Vannebo les dikt av Kristofer Uppdal. Tonefylgje ved fløytist Øyvind Nygaard.

Ragnhild Vannebo er kanskje den skodespelaren i Norge som kjenner Kristofer Uppdal sine tekstar best. Ho deltok på den først store Uppdalmarkeringa i 1997. Men sitt første møte med Uppdal hadde ho på Jærfestivalen for 50 år sidan. Da hadde ho også tonefylgje av ein fløytist. Ragnhild vonar å gjenskape noko av den gode stemninga ho kjennte på da. Derfor også på Gildevangen: Fløytemusikk. Ragnhild vil også fortelje om sine møter med ein av Kristofer Uppdals beste vener – teatermannen og filmmannen Olav Dalgard. Vi har lånt nokre av dei handskrivne avisene til Ul Ogna – Hermod – og Øvre Ogndal ul – Ungdommens ven – og plukka ut tekster som Kristofer Uppdal skreiv i desse.

I 1887 kjem niårige Kristofer til Langåsen i Ogndalen som gjetar. Han starta på Skei skole 27.11.87. Lærar var Ernst Kvarving. I 1888 kom han til gammelonkelen Ernst Kvarving i Stensenget. Konfirmert 1893. Ul Ogna vart stifta på Skei fastskole den 23. februar 1896 i det som den gong var Skei kommune. Kristofer var med på stiftinga og var medlem frå første start. Uppdal skreiv i lagsavisa Hermod så tidleg som 1. mai 1896 – diktet Fram til strid. Året etter innleia han til diskusjon over temaet ungdom og litteratur.på eit lagsmøte. Det finnst ikkje mange konkrete minner etter Kristofer Uppdal si tid i Ogndalen. Men det gamle skolebygget der Ul Ogna hadde sine første møte og stulåna der Kristofer budde i 8 år i Stensenget til han tok til på Namdals folkehøgskole i 1896 står fortsatt. Dei mest konkrete bevisa finn ein likevel i Ul Ognas Hermod og Øvre Ogndal ul si Undommens venn.

Ei lita artighistorie om Ul Ogna sitt handskrive blad: Hermod nr 1. Vi visste at det var mange dikt av Kristofer Uppdal i første bok Hermod. Men når vi skulle låne boka for å finne passande tekstar for opplesinga til Ragnhild Vannebo, så var ikkje boka å finne i Ul Ogna sitt arkiv. Ingen visste kor ho var. Ogndal historielag har skanna alle handskrivne blad for både Øvre Ogndal ul og Ul Ogna, men «Hermod nr 1 har vi ikkje funne», var opplysningane derifrå. Så var det folk som visste at lærar Knut Værner ved Namdals Folkehøgskole, Grong hadde lånt boka til den store Uppdal-markeringa på skolen i 1997. Værner er ikkje ved skolen lenger, men etter ein telefon til folkehøgskolen der vi forklarte problemet, ringte dei tilbake etter eit kvarter: Boka var funne. Hermod nr 1 vil vera til stades på Gildevangen måndag 2. november