Hopp til navigasjonHopp til hovedinnholdHopp til bunnområde

Invitasjon til å delta med TABLÅ i lysvandringa på Hilmarfestivalen torsdag 11. november 2022

Hilmarfestivalen

Hilmarfestivalen ønsker deg, kulturen din og laget ditt velkommen til eit nytt lyseventyr i Steinkjer. Det skal vere ei stor kulturmønstring der vi feirar mangfaldet av kultur i regionen. Tema for årets HIlmarfestival er VENNSKAP.

Vi invitere alle til å gå i fakkeltog, møte andre menneske,  og oppleve din kultur og ditt kulturuttrykk på vegen til sentrum i Steinkjer; Som eit vandreteater med mange små episodar. Vil du være med og lage eit tablå, ein episode som folk kan oppleve? Vi har plass til om lag 20- 25  tablå, og ønsker song, dans, musikk, tradisjonar, teater, folkedrakter – ja alt som de vil vise fram.

 

Danseutbrudd på AMFI
før lysvandringa tek til, så vert det eit danseutbrudd (flashmob) inne ved hovudinngangen på AMFI. Dansen er laga av og vert dansa av Inderøy vgs. 2. og 3. året dans. Her er filmen med den dansen. Vi oppfordrar dykk til å øve på denne og møte opp kl. 17.20 og bli med! Sprei den til så mange som muleg. Når dansen er ferdig, vert det korpsmusikk, og så vert alle oppfordra til å bli med på lysvandring. De som vil vere med og danse og samtidig skal vere på tablå rekk det når de spring på plass til tablå med ein gong korpset tek til å spele.

 

Lysvandringa startar frå AMFI torsdag 10. november kl. 17.30 og ender opp på Torget kl. 18.00. Vi lager eit kart der de som tablå blir plassert. De står der frå ca. kl. 17.25 – 17.55. Handfaklar vil bli utdelt utanfor AMFI både til dei som skal gå i fakkeltoget/lysvandringa og dykk i tablåa. Vi vil plassere ut lyskastarar til tablåa der det er for lite lys. Når folk går i fakkeltog, så vil dei oppleve det de framfører heilt kort, så de kan gjerne synge/vise fram det same mange gonger. Tusen menneske vil passerer dykk i løpet av en halvtime. Her er det ein flott anledning til å marknadsføre eige teater, kor, prosjekt, organisasjon osv. vi vil gjerne at alle har ein plakat der det står kven de representerer. Om de treng hjelp til å ordne det så sei i frå (mange har jo plakatar, roll-ups, sa bruker de det).Når alle har passert, så kjem arrangementsansvarleg for lysvandringa og tek dykk med til Torget for å delta i kulturopplevinga der.

 

Kulturoppleving på Torget
Da samlast vi alle der og stiller opp på tidelt plass, så vert dei kulturoppleving frå kl. 18.00 – 18.20. Terje Tranaas er Hilmar sin eigen produsent her, og vi er har vi fått med oss ein verdskjent lysdesigner, Lars Kristian Mathisen til å designe eit lysshow. Kulturskolen i Steinkjer, Fleire farger og dans frå Inderøy vgs. og komiteen for lysvandringa har som mål til å lage ei sterk oppleving. Og alle de som er med i tablå ønskjer vi skal vere ein del av dette.

De som melder dykk på vil få tilsendt opptak av ein song som kulturopplevinga vert avslutta med, og der vil vi at alle er med og syng.

Påmelding 
til å delta med tablå (episodar) under lysvandringa har en kjapp frist: torsdag 13. oktober til 
astrid.skogseth@hilmarfestivalen.noFristen er så kort, for i år vil vi så gjerne få synleggjort alle de som deltek i Hilmaravisa.

Varm takk

Som takk til alle som deltar med tablå, vil Hilmarfestivalen gi 30% rabatt på alle enkeltbillettar (ikkje festivalpass). Når de melder dykk på med tablå, sender de namneliste med e-post adresser slik at ei får ei personleg kode (denne nyttar de når de bestiller billettar). Sjå heile programmet på www.hilmarfestivalen.no


I år organiserer vi Lysvandringa i samarbeid med NTE, Sparebanken SMN, AMFI, Kulturskolen i Steinkjer, mange frivillige og mange gode medhjelparar. Ta kontakt om det er noko som de lurer på.

Helsing Lysvandringskomiteen
Tore Strugstad (leiar for komiteen, 936 92 603), Elin Synnøve Teistklub, Ewelina Bernat, Fredrik Wasshaug og Ely Navarro. De kan og ta kontakt med festivalsjef Astrid Skogseth (406 17 590).